museumsguiden.no
Forside Fylke Byer Kategorier Bestillingsskjema Om oss Kontakt oss
museumsguiden.no

Hardanger og Voss Museum

Adresse: Museumsvegen 36
5778 UTNE
Telefon: 40 43 41 00
Telefaks:
Web: Besøk hjemmeside
E-post: post@hvm.museum.no

 

Hardanger og Voss museum: har fleire kulturhistoriske museum og samlingar, eit kunstsenter med eit av landets få reine skulpturmuseum i tillegg til eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionmuseum for dei sju Hardangerkommunane og Voss kommune

Agatunet: er det største freda klyngetunet med røter tilbake til 1200 talet. Her er den eldste påviste rettsalen og den einaste riddarhallen i tre i dette landet! Tunet er utan tvil eit av dei mest sentrale kulturminna i Hardanger. Du finn både kulturhisto­riske utstillingar og kunstutstillingar i husa. Ein film om Folgefonnhalvøya fortel om landskapet som isbreen har skapt.

Hardanger folkemuseum: ligg på Utne og har skiftande utstillingar i storsalen. Den faste utstillinga legg vekt på hardangersaum og korleis denne er ein integrert del av bunadstradisjonen i regionen. I folkemusikkrommet finn du ei instrumentsamling som fortel om korleis felemakarkunsten har utviklinga seg, eller du kan sitja i ein god sofa medan du lyttar til musikk frå det rikhaldige musikkbiblioteket.

Hardanger Fartøyvernsenter: i Norheimsund er eit familievenleg museum der du opplev tradisjonsrike handverk i eit maritimt miljø. Senteret vektlegg aktivitetar og har fleire verkstadar der gjestane får prøve ferdigheitene sine. Me leiger ut tradisjonelle robåtar som er bygd her og har ei aktivitetsløypa med kjekke maritime oppgåve. Aktivitørar hjelper deg med oppgåvene og hjelpe deg til leik og meistring. Kom og kjenn lukt av tre, tjøre og sjø i verkstader og i vernehamna som er full av vakre fartøy.

Kabuso med Ingebrigt Vik museet: byr på skiftande utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet og konsertar i kammermusikksalen. Ein vakker park bind Kabuso saman med Ingebrigt Vik museet. Ingebrigt Vik er rekna som ein av Noregs dyktigaste bilethoggarane. Munch utstillinga «Natur og kjensle» vert vist sommaren 2015. Det er stort at Munch sine verk kjem til Hardanger!

Voss folkemuseum og Mølstertunet: ligg fint til med utsikt over Vossevangen. Tunet er eit eineståande døme på byggeskikk og levevis i eldre tid. Husa står slik dei ein gong vart bygde i perioden 1500 -1870. I samlingsbygget er det faste og skiftande utstillingar og rike samlingar av bruksting og reiskapar.

Granvin bygdemuseum: Her finn ein m.a. ei omfattande museumssamling med mange gjenstandar samla inn lokalt, ei rik samling bringklutar og samlinga etter botanikeren Johan Havaas. I Løflotstova er premiedsamlinga etter spelemannen Anders Kjerland utstilt, samt bunadsklede og ei skulestove.
Lokale eigner seg godt for slutta lag og store feiringar. Alle avdelingar har koselige kafear som vektlegg lokal mat og kvalitet, sjølv om menyen ikkje er lang. 
Museumsbutikk.